Utstillarreglar Ryfylkedagane, marknadsdag 06.juni 2020

Utstillingsområdet/ marknadsplassen er i Sand sentrum frå nord til sørende av Gatå og opp til parkeringsplass ved Bunnpris.
Gata er stengd i sørenden ved Ryfylke Fjordhotel og ved Øvre Dalane frå kl. 08.00 til 17.00 marknadsdagen

  1. All ferdsel på utstillerområdet skjer i samsvar med komiteen. Det skal berre parkerast på tilviste plasser
  2. Ingen utstiller blir registrert før påmeldingsskjemaet ligg føre og standleie er betalt til Ryfylkedagskomiteen. Kvittering tas med marknadsdagen ved kontroll. Påmelding er bindande og utstillar hefter så standleie. Komiteen er ikkje pliktige til å tilbakebetala standleiga uansett årsak. Sals-utstillingar skal være under tilsyn av eigaren/utstillaren.
  3. Utstillaren kan ikkje utan løyve reise frå standen før marknadsdagen er slutt dvs. tidligast kl. 16.30. Frie stands, som ikkje oppretthelder opningstida på marknadsdagen, kan bli etterfakturert ved fråvær på oppsett marknads- tid.
  4. Utestand blir vist utstillaren utan avskjerma, stolar og bord. Utstillar må sjølv ha med seg nødvendig utstyr til stand. Ekstra opplegg for straum, stikkontaktar, vatn osv. må avtalast ved påmelding.
  5. Påmeldingsfrist står på påmeldingsskjemaet.
    Komiteen føreheld seg retten til å avslutte registrering av utstillarar eller eventuelt redusera påmeldt areal dersom marknadsplassen skulle bli fullteikna før påmeldingsfristen går ut. Ryfylkedagskomiteen har den endelege avgjerda når det gjeld kven som er utstillarar, fordeling av utstillarplassar og justere tildelt areal. Komiteen har høve til å takke nei til påmeldingar om varegruppene blir for like og konkurrerande for handelsstanden. Utstillarar som tek seg til rette på andre plassar er den som er tilvist, kan visast bort frå marknaden.
  6. Lokale produsentar og leverandørar i Ryfylke skal prioriterast. Kunn varer/produkt som er påmeldt kan visast på standen utstillardagen. For utstillarar som sel matvarer må sals-innrettingar og vareutval følgje mattilsynet retningslinjer og godkjenningar for sal av næringsmidlar.
  7. Alle stands bør ta eit miljøansvar å ha som mål i 2020 å bruke resirkulerbar emballasje og miljøvennlege «non-food» – produkt på sin stand.
  8. Det er forbode i Suldal kommune å selje eller utlevera heliumballongar, plastbasert konfetti og glitter, eller andre effekt-materialar som kan bidra til forsøpling. Gjeld også artiklar som «give-a-ways»
    Komiteen har rett til å visa utstillar bort frå marknaden og krevje opprydding på utstillars rekning.
  9. Utstillingsplassane blir stilt til rådvelde for utstillarar laurdag morgon frå kl. 08.00. Utstillarar må sjølv syte for all transport, montering, demontering, pakking, eigne varar og dekorasjonsmateriell. Standen skal leverast attende fri for avfall,dekorasjonar, spiker, fundament o.lign. etter arrangementet er slutt. Avfall leverast på markerte søppelstasjonar og sorterast ut i frå oppslag. Ved eventuell forsømming av dette har arrangørane rett til å utføre turvande opprydding på utstillars rekning. Utstillarplassen skal være fjerna innan 19.00 same dag om ikkje anna er avtalt.Komiteen fjerner avfall, omgående etter arrangementets slutt, i publikumsområder langs konkurransetraseen og langs adkomster.
  10. Ynskjer utstillar å ha stand fredag i forkant av marknadsdag skal avtalast med festivalleiinga på førehand. Tlf. 472 34 541. Utstillaren kan ikkje rekne med at dei for tildelt same plass som på marknadsdagen på grunn av gatebilde er opent for transport og parkering fredag. Kostand for å ha stand fredag før sjølve marknadsdagen er kr 500,-
  11. Utstillarane er ansvarlege for skader dei påfører bygningar, anlegg, innreiingar og personar. Utstillar må sjølv ordne med forsikring av sin stand. Arrangørane tek ikkje ansvar for dei utstilte varene, utstyr eller tredje persons eigendeler.
  12. Arrangørane av Ryfylkedagane tek seg rett til å avlyse marknadsdagen eller deler av denne dersom det syner seg uråd å gjennomføre tilskipinga på grunn av t.d. brann, vasskader eller tekniske skader på utstillingsområde og enkeltstandar. Arrangørane skriv frå seg ansvar overfor utstillarar som følje av avlysinga som beskriven under punkt 10.
  13. Parkeringsavgift i sentrum marknadsdagen er kr 50,- Gratis parkering for utstillarar er ved kyrkja « Tunet» om ein viser til kvittering for innbetalt standleige.Sjå utstillarkart som leggast ut etter 01.mai.

Faktura blir sendt etter påmeldingsfrist. Påmelding blir bekrefta ved registrert og betalt faktura.

Frivillige lag og organisasjonar i Ryfylke som ynskjer synleggjering vil få tildelt gratis stand på tildelte plassar 2×2 meter.
Over 2×2 meter kr. 200,- eller etter avtale.
Spesielt punkt 3 i utstillarreglane gjeld spesielt gratis stands.

Påmeldingsfrist måndag 6. april 2020

Har du spørsmål ta kontakt med

Ryfylkedagskomiteen 2020

Prosjektleiar Maren Landsnes tel: 472 34 541