Endene kjem! Gjer deg klar til årets andaløp! Eigaren av vinnaranda får heile 25,000 kr til å handle lokalt for!
Suldal Røde Kors sel andelodd i ulike butikkar i Suldal i vekene før festivalen, og inntekta går uavkorta til deira frivillige arbeid i lokalsamfunnet.
Kjekke aktivitetar for heile familien.
program 2026
For dei minste
Variert underhalding og fleire aktivitetar for alle alderstrinn.
Marknadsdag i kommunesenteret
Omlag 60 boder med handverk, mat og andre produkt fyller strandstaden Sand.
Andaløpet med flotte premiar
Støtt vårt lokale hjelpekorps og kjøp ei and.
Naturopplevingar og aktivitetar
Frå vandretur i fjell og li, til opplevingar ved vatn, elv og fjord.
Bil, båt og motor
På marknaddagen vil du kunne sjå og høyra flotte veteranbiler, sportbilar, båtar og motorar.
Utstillingar
Opplev historiske og moderne utstillingar på museum og kulturhus.
Lakseslottet Lindum på Suldalsosen har no fått eigarar. Dei ynskjer under årets Ryfylkedagane å laga til åpningsfest laurdag 6. juni! Det vil bli lokal servering, herleg stemning med levande musikk med Bon Scotch, Igjenting og Splitter Pine!
Festkvelden startar kl. 18.00.
Kjøp billettar i dag:
Ryfylkedagane er ei årleg feiring som såg dagens lys første gong i 1984, og har sidan då blitt eit viktig arrangement for å setje Suldal på kartet og vise fram små og store skattar som kommunen har å tilby. Arrangementet er eit resultat av eit breitt samarbeid og stor dugnadsinnsats frå fleire aktørar, inkludert Suldal Næringsforening med Sandsgruppa og Reiselivsgruppa i spissen.
Gjennom felles innsats og entusiasme har Ryfylkedagane blitt ein viktig arena for samhald, opplevingar og stoltheit for innbyggjarane i Suldal.
Ryfylkedagane er òg eit uttrykk for Suldalskrafta – den som bur i oss alle her. Det er denne krafta som gjer det mogleg å skape noko stort saman, år etter år.
Ved å bruke vår webside godkjenner du at vi setter cookies i din nettleser.
Du har til enhver tid mulighet til å trekke tilbake ditt samtykke og brukere som ikke godtar bruken av cookies, må selv endre disse, dersom nettleserens innstillinger er forhåndsinnstilt for aksept.