Ryfylkedagar © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.

Kjøp av billettar

Les meir om programmet for Ryfylketeltet og bestill kveldspass eller festivalpass for begge dagane her. NB! Aldersgrense er 18 år.

Transport og parkering

Suldal ligg 2 timar frå Haugesund og 3 timar frå Stavanger med bil. Frå Stavanger kan du anten ta RV 13 via Hjelmeland eller E134 vidare til RV 46 frå Knapphus. Du kan også følge E 134 via Knapphus dersom du kjem frå Haugesund. Frå Bergen kan du enten reise via Knapphus eller via Odda på RV 13 frå nord. Frå fjellområda følg du også RV 13 via Røldal sørover. Dersom du ikkje har bil kan du kome seg til regionen med hurtigbåt frå Stavanger eller bus frå Røldal eller Haugesund. Rutene finn du på Kolumbus.no her.

Parkering under Ryfylkedagane vil skje i oppmerka område i sentrum ved Sand kyrkje og ved Olavsplass under Suldal Kulturhus. Inntektene her går frivillige lag og organisasjonar. Det er også gratis parkering ved Garaneset med skyttelbuss inn til sentrum mellom 09:30-17:00-

Overnatting, bubil og båtplass

I Suldal har me mange flotte overnattingsstader frå familieeigde hotell til tradisjonelle hytter og gardstun. Her kan du få utsikt over vatn, fjordar, fjell Suldalslågen og elveosen! Meir informasjon om overnatting, bubilparkering og båtplassar i kommunen finn du på VisitSuldal sine nettsider her.

Våre sponsorar

Me vil gjerne få takke våre sponsorar som gjer det mogleg å arrangere Ryfylkedagane: