
Her skal du kunne finna detaljert programmet for Ryfylkedagane 2026 etter 1 mai.
Programmet blir oppdatert etter kvart som programmet blir forma og det startar allereie på fredag 5. juni og held fram til søndag 7. juni. No er det berre å setja av tid i kalenderen og begynna å glede seg! Her er det noko for både store og små.
For å nemne noko vil det bli kunstutstillingar, stor marknadsdag og folkefest i kommunesenteret Sand 5. juni frå kl. 10.00-16.00! Det vil seie festivalklare opne butikkar, marknad med boder og utstillerar, leiker, loppemarknad og underhaldning som avsluttast med Andaløp ved Suldal Røde kors.
Samstundes fyllest helga med aktivitetar som aktivitetspark for born i sentrum , ute servering på Ryfylke Fjordhotell, DRØS Vinbar og Kaffebar og av KULP AS om veret tillèt det.
NYTT FOR ÅRET;
«Ryfylkefest» på Lakseslottet Lindum startar kl. 17.00. med god sommarstemning og livemusik med coverband som Splitter Pine (rock/pop) og en hyllest til AC/DC med Bon Scotch
Det vil gå skyttelsbuss frå Sand til Suldalsosen og retur under Ryfylkefesten på Lindum. Meir info kjem.
Bestill billett til Ryfylkefest no:
https://billetto.no/e/ryfylkefest-pa-lindum-billetter-1683139
På søndag vil det bli tradisjonell grilldag/familiedag på Nesflaten med show for born, loppemarknad og stor auksjon på Øvre Suldal Samfunnshus. Flotte kulturløyper, fotturar langs Lågen og andre terreng og toppturar i Suldal. Sjå meir på visitsuldal.no/ FB Handelpåsand.