
Å koma seg til Suldal
Suldal ligg 2 timar frå Haugesund og Stavanger med bil. Frå Stavanger kan du anten ta RV 13 via Hjelmeland eller E134 vidare til RV 46 frå Knapphus. Du kan også følge E 134 via Knapphus dersom du kjem frå Haugesund. Frå Bergen kan du enten reise via Knapphus eller via Odda på RV 13 frå nord. Frå fjellområda følg du også RV 13 via Røldal sørover. Du kan også kome seg til Suldal med hurtigbåt frå Stavanger eller bus frå Røldal eller Haugesund. Rutene finn du på Kolumbus.no her.
Inngongsbillett til marknadsområdet
Inngongsbillett til marknadsområdet laurdagen kostar 125 per vaksen. Alle under 16 år kjem inn gratis.
Alle som kjøper inngongbillett får billett-band, og er med i trekninga av flotte premier frå næringslivet. Trekninga skjer på Sand torg 15:30, etter Andeløpet. Du må vera tilstades for å kunne vinne.
Parkering
For dei som køyrer bil vil det vera fleira parkeringsplassar kring sentrum og frå gardaneset vil det vera gratis shuttlebuss. Parkering er gratis. Det vil vera parkeringsvakter som visar til parkering. Her finn du ein oversikt over parkeringsplassar.
Handel på Sand
Du finn ei rekke flotte nisjebutikker, kafeer, museum, attraksjonar og aktivitetar i Suldal og kommunesenteret Sand, som du kan oppleve også under Ryfylkedagane. Les meir på visitsuldal.no og handelsand.no.
Tenk miljø og berekraft!
Me oppfordrar alle besøkjande og utstillarar til å bidra til eit godt lokalsamfunn – for i dag og framtida. Bruk miljøstasjonar og handla lokalt.
Overnatting, campingplass og båtplass
I Suldal har me mange flotte overnattingsstader frå hotell til hytter og gardstun. Her kan du få utsikt over vatn, fjordar, fjell, Suldalslågen! Meir informasjon om overnatting, bubilparkering og båtplassar i kommunen finn du på VisitSuldal sine nettsider her.
Sentrumsnær bubilparkering
All bubilparkering har under Ryfylkedagane tilbod om å parkere ved Eide idrettsområde frå onsdag kveld 28. mai kl. 15.00 til søndag 1. juni kl. 15.00. Sjå skilt frå veg. Straum, oppstilling kr. 300,- pr. dag. Dette inkluderer toalettfasilitetar i Sandhallen med tilhøyrande dusj. Arr: Suldal bad og idrett.

Gåtur frå Eide til Sand sentrum 10 minutt over Haugen. Bubilparkering på Neset er tilgjengeleg, men ikkje for inn og utkøyring på marknadsdagen 31. mai frå kl. 08.00 til kl. 17.00. Då er gateløpet stengd for køyretøy.
Taxi/transport
Haugaland taxi bringer oss trygt til og frå Ryfylkedagane med sine hyggelige sjåførar. Unngå venting – bestill i god tid! Bestill gjerne taxi i forkant og gjerne fleire i lag. Ring 08181 for bestilling!
Er du mellom 13 og 18 år, og frå Suldal? Då kan du nytta deg av ordninga “Heim for ein 50-lapp”, som sikrar deg ei trygg heimreise frå kommunale arrangement fredag- og laurdagskveld. Samordna deg gjerne med dine vener i same grend, og hugs å bestille innan 18:00 same dag.