
Fredag 2. juni
09.00–18.00: Handelsstanden på Sand med festivaltilbod.
10.00–12.00: Håndlagsdag på Kolbeinstveit
Fortidsminneforeningen i samarbeid med Ryfylkemuseet arrangerer sitt store Håndlagskurs i Rogaland frå 31. mai til 4. juni. Opplev bygging av stavkonstruksjon på Kolbeinstveit
Arr.: Fortidsminneforeningen/Ryfylkemuseet.
11.00–16.00: Ny utstilling « Fuglar i Lyrikken» på Nesasjøhuset, Ryfylkemuseet.
Utstillinga tek utgangspunkt i det nordiske når det gjeld dikt og fuglar, og vengespennvidda er stor. Her finst dikt for barn, songlyrikk, dikt om fantasi, og dikt som handlar om at menneskja si forureining øydelegg livsvilkåra for fuglar.
12.00–01.00: Ryfylke Fjordhotell
Lunsj og grilling på uteserveringa frå kl. 12.00–16.00: Bar og restaurant open frå kl. 16.00. Ryfylkedaganemeny med «Matskatter frå Suldal» frå 18–21. Pøbbkveld fra 18.00–01.00. 20 årsaldersgrense.
19.00–22.00: BEACHPARTY og grillfest for ungdom.
Suldal bad v/ sandvolleybane på Eide. Sommarfest med grillmat, musikk, strandleikar og konkurransar. Gratis arrangement for 13–17 åringar. Kiosksal med brus, is og snacks.
19.30–21.00: Viva la vida! Songarlaget syng Coldplay.
På scenen står det ein heil gjeng. Songarlaget tel nå 40 songarar og blir dirigert av Martin Haug Tieghem, som også spelar gitar. Mat og drikke på BRUNSJ før konserten. Billettar kan kjøpast på suldal.kulturhus.no.
21.00–02.30: Livemusikk med festivalstemning med trubadur Tor Ludvig! Det vil bli ei energisk reise i stemning og god musikk heile helgå. Dette kan du ikkje gå glipp av for her blir det feststemning! Sjøhuset, CC
Laurdag 3. juni
10.00–17.00: Gata stengd i kjernesentrum. Utstillarar, stands, boder Søppelstasjonar: Suldal renovasjon.
10.00-17.00: Marknadsdag i Sand sentrum med gode tilbod.

10.00–18.00: Håndlagsdag på Kolbeinstveit held fram. Fortidsminneforeningen i samarbeid med Ryfylkemuseet arrangerer sitt store Håndlagskurs i Rogaland frå 31. mai til 4. juni. Opplev bygging av stavkonstruksjon på Kolbeinstveit Arr.: Fortidsminneforeningen/Ryfylkemuseet.
10.00–14.30: Røde kors med konkuransar for dei yngste.
Her kan du kjøpa andelodd heile dagen! Kort/kontant og vipps. Konkuranse for dei yngste borna! 1300 lodd – utsal hjå Joker Jelsa, Joker Suldalsosen, Coop Extra og Bunnpris. I sal frå 5. mai.
10.00–14.00: Klatrekonkurransar med fine premiar.
Her kan du utfordra deg sjølv og andre i gøyale klatrekonkurransar. Passar for born frå 8 år og oppover. Eigne klassar for ungdom og vaksne. Premieutdeling under andasleppet frå 14.30.
10.00–14.00: Loppemarknad på Sanitetshuset.
Arr: Sand Sanitetsforening
10.00: Bildeutstilling i mirmrestova. «Tidsbilde i Suldal 1978».
Offisiell opning klokka 12.00 v/Roy Høybo. Arr: Suldal Sogelag.
11.00–16.00: Ny utstilling: Fuglar i lyrikken.
Besøk museumsbutikk og utstillingane på Ryfylkemuseet. 12.00: Offisiell opning av Ryfylkedagane med konsert av Messingkvartetten i kulturskulen.
12.00–01.00: Ryfylke Fjordhotell
Lunsj og grilling på vår uteservering frå kl. 12.00–16.00: Bar og restaurant open frå kl 16.00. Ryfylkedaganemeny: «Matskatter fra Suldal» frå 18.00–21.00. Pøbbkveld frå 18–01. 20 års aldersgrense.
12.30: Trylleshow med KLOVNEN CHARLIE!
Ablegøyer og viltre sprell på Sand torg. Velkommen til alle barn.
12.30: Opning av Sommarutstillinga 2023 med «TRI FRÅ ERFJORD».
Serina Erfjord, Heidi Bjørnsdotter og Ingrid Erøy Fagervik på Suldal kulturhus. Arr: Suldal kunstlag og Kulturhuset
14.30: Andaslepp i elvaosen med konferansier Odd Rune Malerbakken.
Møt opp og heia endene i mål! Hugs du må vera til stades med loddet ditt for å vinna. 1. premie på 25.000 kr som må nyttast same dag. Under andasleppet vil det også bli utdeling og premiering av Suldal klyvarlag sine konkurransar marknadsdagen. Håpar å sjå deg der. Arr: Suldal Røde Kors
15.30–18.00: T-Dans med fjordutsikt på Sjøhuset!
Vår festivaltrubadur Tor-Ludvig varmar opp med hysterisk allsong med kjende og kjære coverlåtar du likar! GRATIS! Aldersgrense 18 år.
19.30–21.00: Viva la vida! Songarlaget syng Coldplay.
Siste førestilling! På scenen står det ein heil gjeng. Songarlaget tel nå 40 songarar og blir dirigert av Martin Haug Tieghem, som også spelar gitar. Mat og drikke på BRUNSJ for konsert. Billettar kan kjøpast på suldal.kulturhus.no.
20.30-23.30: Chill- lounge live med artist Amelie Aldner!
Brunsj i Gata 12 inviterer til ein eksklusiv mini-konsert med Amelie Aldner sin nye utgitte musikk. Konserten startar ca kl 21:30, har maks 40 sitjeplassar så vær tidleg ute! Brunsj tilbyr servering. Aldersgrense 23 år.
21.00–02.30: Livemusikk med festivalstemning med trubadur Tor Ludvig!
Velkommen til festivalstemning med den beste musikken!! Hugs å vera tidleg ute! Sjøhuset, CC 200,- aldersgrense 18 år.
Søndag 4. juni
10.00: Ryfylkemuseet inviterer til open dag med kranselag og reising av ny stavkonstruksjon på Kolbeinstveit.
Tradisjonelle handverksmetodar blir brukt. Ta turen innom for å sjå når 25 unge handtverkerar frå heile landet reiser bygget. 11.00: Kranselag med mat og drikke. 13.00: Kranselaget blir avslutta med folkemusikk frå Tove Solheim, Mark Laurenson og Nils Hoftun.
11.00–14.00: Velkommen til open dag og utdeling av kulturarvprisen «Olavsrosa» på Børkjenes gard, Hamrabø.
Utdeling av kulturarvprisen «Olavsrosa» til Børkjenes gard. Vertskap Jarle Tveit og Visit Suldal. Utdeling av Olavsrosa ved Erik Lillebråten frå Norsk kulturarv og ordførar i Suldal Gerd Helen Bø. Om Børkjenes gard v/ Jarle Tveit. Utvalde kulturlandskap i Suldal v/ Dagfinn S. Hatløy. 12.30– 14.00: Open gard, bli kjent med Ryfylke sin første attraksjon som har fått Olavsrosa! Visste du at garden har over 40 hus? Matbit og drøs.
11.00–16.00: Ny utstilling: Fuglar i lyrikken
Besøk museumsbutikk og utstillingar på Ryfylkemuseet.
12.00–16.00: Grilldag på Nesflaten, Øvre Suldal Samfunnshus.
12.00: Opning med sal av lappar, is, kaffi og brus, konkurransar for store og små.
12.30–16.00: Sal av grillmat med buffet
14.00: Loppemarknad og underhaldning for store og små born.
16.00: Stor auksjon med Nesflaten sin egen auksjonarius Reidar Sandal. Vaksne kr. 300. Barn frå skulepliktig alder kr. 100,- . Gratis opp til skulepliktig alder. Kontakt: Tor Inge Havrevoll, tel: 91638763.
11.00: Gudsteneste med invitasjon til 50-års-konfirmantar
Sand kyrkje v/ sokneprest Asbjørn Salthe.
12.00-17.00: Familiebading Suldal Bad
13.00: Rogaland ungdomskorps på Rogalandsturnè
Korpskonsert med korpsa i Suldal og Rogaland ungdomskorps på Kulturhuset.
Alt program med atterhald om endringar.
Anna
Grøn Tur 2023
Gå ein Grøn Tur 2023 – gratis og enkel tur- orientering for alle – med Suldal O-lag: turorientering.no. Få info-ark på Suldal turistkontor i gata.
Stolpejakten
Gå stolpejakten på Nesflaten. Søk opp Suldal på stolpejakten.no
Tenk miljø og berekraft: Bruk miljøstasjonar og handla lokalt på årets Ryfylkedagar.
Parkering
Marknadsdagen 03. juni. Parkeringsavgift Garanset kr. 50 pr bil. Sentrumsnær parkering som ved Tunet, Bunnpris, Kommunehuset og Olavsplass kr. 100 pr bil. Fri skyttelbuss frå Garaneset til krysset til kommunehuset kvart på og kvart over – frå kl. 09.45. Pause mellom kl. 13.30–14.30. Siste returbuss frå Sand kl. 17.00.
Bubilparkering
All bubilparkering har tilbod på Eide ved idrettsområde frå fredag 2. juni kl. 16.00 til søndag 4. juni kl. 15.00. Sjå skilt frå veg. Straum, oppstilling kr. 200,- pr. dag. Arr: Suldal bad. Gåtur frå Eide til Sand sentrum 10 minutt over Haugen. Bubilparkering på Neset er stengd pga. aktivitetar elles.