Ryfylkedagane © Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland.

På grunn av den pågåande koronasituasjonen blir diverre årets utgåve av Ryfylkedagane avlyst. Arrangørane avlyser arrangementa med tungt hjarte, men tryggleik og redusering av smitterisiko veg tyngst.

– Dette er ikkje ei enkel avgjerd for oss. Me hadde sjølvsagt gledd oss til å lage folkefest og god marknadsstemning i kommunane våre, men no er liv og folkehelse mykje viktigare fortel prosjektansvarleg Marit Larsen i Ryfylkedagane.

Festivalen i Suldal har lange tradisjonar og er for mange fast program første helga i juni. No avlyser komiteen for Ryfylkedagane årets festivalutgåve. Larsen viser derimot til at dei vil bruke sommaren og hausten til å skape gode møtepunkt i heile kommunen når tida er inne for det. Dei har gode dialog til lokalt næringsliv, kultur, lag og organisasjonar som også gledde seg til det store arrangementet i kommunen,  men som no er klare til å bidra i 2021.

-Arrangement i omfang som Ryfylkedagane blir det nok ikkje rom for denne sommaren, men det betyr ikkje at ein ikkje kan skape rom for lokale handelsdagar og kulturarrangement med gode møtestadar i 2020. Me må kome tilbake til det når me ser korleis denne situasjonen utartar seg. Men haustmarknaden 3.oktober, i starten av haustferien i Suldal, den kan me gjere meir ut av som møteplass om restriksjonane tilseier det. seier Larsen.

Ryfylkedagane neste år blir 4-6 juni til, velkommen til folkefest då!